Stangvik Kyrkje

kirka1
Den noværande kyrkja er bygd i 1896. Dette er den tredje kyrkja i Stangvik. Den første kyrkja, ei stavkyrkja, blei oppført allereie i 1407, altså før reformasjonen. Den andre kyrkja, ei korskyrkje, ble bygget i 1784. Kyrkja frå 1407 brann ned i 1783 etter eit lynnedslag. Også hovudbygninga på prestegarden og alle dei gamle kyrkjebøkene gjekk tapt i denne brannen. Det einaste som blei redda var en av kyrkjeklokkene som no heng i dagens kyrkje. Preikestolen og altertavla frå 1784 er i dagens kyrkje. Arkitekt Karl Norum laga tegningane og Lars O. Mogstad frå Surnadal var byggmeister for den noværande kyrkja. Den har 650 sitjeplassar og er dermed ein av de største kyrkjene på Nordmøre.

Før 1704 høyrde både Surnadal, Rindal og deler av Halsa til Stangvik prestegjeld. Stangvikpresten hadde i den tid i alt 6 kirker å betjene, og kallet var eit av dei største og beste i heile landet. Det seies at Indre Stangvik på den tid var det åndelege og religiøse midtpunktet så langt prestegjelds-grensene rakk. Det er vel dette som er ein av årsakane til at stedsnavnet Stangvik skal stå på fleire riktig gamle kart. Stangvik er fortsatt eiget prestegjeld med 3 kyrkjer.

 

Kyrkjereis i gamle dagar av Bernt Bøe klikk her.

Bilder fra Bernt Bøe:

kyrkjebaat_hjelmkonnaa_1

aurora_kyrkjebaat_1

 
Stangvik
stangvik
Stangvik ligg i Surnadal kommune på Nordmøre, og er ei bygd med omlag 50 husstander. Det unike i Stangvik er at vi har greidd å halde på eit særprega bygdesentrum.

mer