Historie

Litt historie

 stangvik_gml_499

Namnet Stangvik kan komme av Prestelva som det siste stykket før utløpet renn i ei rett linje, dvs. som ei stang. Tradisjonen seier og at småkongen Stong skal vere gravlagd ein plass her, kanskje i ei grav funn på det som i dag heiter Stangåkeren. Dette er bygda som har den naturskjønne og reine Stangvikfjorden i fanget. I ryggen har den store skoglier og fjell som lunar for nordavinden. Bygda har dessutan utsyn over fjorden til fleire grender, og til delar av dei mektige fjelltoppene i Sunndalen og Romsdalen. Plasseringa gjev maksimal solgang med mildt klima. Jorda er fruktbar, og det er gode muligheiter for eit utstrakt friluftsliv heile året.

Stangvik hadde ein sentral plass så lenge sjøen var ”riksvegen” og båten det beste transportmidlet. Frå eldgamall tid, og fram til mida av 1600-talet, var Brøske tingstad for store delar av indre Nordmøre. Heilt til 1839 heitte tinglaget Brøske tinglag. Det var derfor naturleg at Stangvik blei kommunenavnet, og senter for bygdene rundt ytre delar av Surnadalsfjorden, Ålvundfjorden, Todalsfjorden og Stangvikfjorden. Bilen og etaberinga av ferga over fjorden i 1920/30-årå, førde til at kommunesenteret blei flytta til Kvanne. I begynnelsen av 1950-åra vart anløpa på dampskipskaia i Stangvik stadig færre. Kaia utanfor Bondehuset ble teken av storm på starten av 50-åra. Sammenslåinga til større kommunar førde til at tradisjonsrike Stangvik kommune blei oppløst i 1965. Bygdene i den gamle kommunen på nordsida av Stangvikfjorden blei lagde til Surnadal kommune, medan bygdene på sørsida blei lagde til Sunndal og Tingvoll kommunar.

 
Stangvik
stangvik
Stangvik ligg i Surnadal kommune på Nordmøre, og er ei bygd med omlag 50 husstander. Det unike i Stangvik er at vi har greidd å halde på eit særprega bygdesentrum.

mer